mandag 1. juni 2009

På rett plass til rett tid!

31.05.09
I helga har eg vore på Ellingsøya hjå svigers.
På søndagen reiste eg og Inge (pappan til Elisabeth) ned til sjøen der han har båt, for å fikse litt på kaia. Då vi kom ned såg vi to gutar ute på fjorden (3-400m frå land) på ei lita flytebrygge. Eg såg dei ikkje hade på seg redningsvest og at dei padla febrilsk mot land. Det var sterk vind og godt driv i sjøen, så brygga dreiv berre viare og viare ut på fjorden. Med eitt såg eg den eine stupte ut i sjøen, etterfulgt av den andre gutten. Eg tenkte at dette er galskap! Kven klarar å symje så langt i 8-10 grader kaldt vatn i sjokktilstand!? Eg kasta meg i båten, starta motoren og sette kursen utover mot dei. Eg såg det sto nokre vaksne inne på land og vifta med hendene og peika.
Det var ca 10 meter i mellom gutane. Eg kasta ut ei lite tau til den eine guten medan båten dreiv mot den andre. Dei tok i ripa, og eg tok tak i dei og reiv dei opp i båten. Dei var kun iført shorts og t-skjorte...

Eg har alddri i mitt liv sett så redde gutar! Eg trur dei måtte vere rundt 13-14 år. Den minste guten gjentok frå eg tok tak i han og inn til land "ej veit ikkje korsen ej ska få takka dej" mens han hiksta og grein. Dei var iskalde og skalv så det rista sjølv om dei hadde vore uti berre i 2 min. Det skal ikkje mykje til før ein stivnar til og sekk i så kaldt vatn!

Inne på land sto det overlyklege foreldre. Dei takka meg, men eg fekk ikkje prata så mykje med dei som eg hadde ønskt. Dei var nok litt i ubalanse dei og, etter å ha fulgt dramaet frå land. Dei spurde kva eg heitte, og dei fortalde at gutane skulle flytte ei flytebrygge fra land og ut dit den brukar å ligge (Det er ein badeplass der) då dei dreiv av.
Eg vil veldig gjerne kome i kontakt med dei og prate litt med gutane og høyre kor det går med dei. Så eg håpar dei tek kontakt, eller at eg finn ut kven dei er.

Lukka var at Inge nokre dagar før hadde kjøpt ny påhengs til båten. Den hadde og vore starta før på dagen, så den starta lett. Utan motoren hadde operasjonen teke svært mykje lengre tid, og båten hadde og drive ein del medan eg rodde. Det var sikkert 400 meter ut til der dei hoppa uti.
Det er ekkelt å tenkje på kva som hadde skjedd om vi ikkje hadde reist ned til båten akkurat da.

Snakk om å vere på rett plass til rett tid!