torsdag 29. januar 2009

Bilete frå dagens dykk





En ny opplevelse

I dag har eg og Adrian Volstad dykka på Bjørnøya. Der fekk eg prøvd den nye vingen min. Det var ein draum å svømme der nede med dette systemet på ryggen! Først no skjønar eg kva eg har gått glipp av alle dei andre dykka eg har hatt... Det var heilt ubeskriveleg behageleg. Trimmen på rig`en var perfekt!

Dette må vere det mest komfortable dykket eg har hatt i mitt liv! Tips til alle som ikkje har vinge: Kjøp vinge! 

Dykkeutstyr på plass

Da er endeleg Halcyonvingen min på plass, og konfigurert i DIR style ;)

mandag 26. januar 2009

Nitroxkurs og ny vinge

Onsdag skal eg endeleg ta nitroxkurs! det gler eg meg til:)
Då vil det bli lengre dykk på dei (relativt)store djup!
Nitrox er slengnamnet for oksygenberika luft. Fordelem med nitroxdykking er at det er mindre nitrogen i lufta ein pustar. Ein "lurar" då kroppen til å tru at hen er grunnare enn den faktiske djupna.

Oksygen her ein andel av "lufta" på 20,9% Nitrogen har ein andel på 78%. Nitrogen er ein gass kroppen eigentleg ikkje har bruk for, og den kan difor erstatte delar av nitrogenen med meir oksygen. Sidan vanleg luft med 20,9% O2 kan føre til oksygenforgiftning på djupner fra 57m+, vil naturlegvis maksdjupna minke med akua mengde tilført oksygen. Dess meir oksygen, dess grunnare dykk, men lengre bunntid. (Det er ikkje så avansert dom det høyrast ut som.)

Sitat frå "Håndbok for dykking" :
Nitrogenet deltar normalt ikke i cellenes kjemiske livsprosess. Vi kan derfor unnvære nitrogenet og eventuelt erstatte denne med andre typer gasser. Ved en atmosfæres trykk i luft har vi ca 0,8 bar N2-deltrykk. Dersom nitrogenets deltrykk i pustegassen overstiger ca. 3,6 bar, vil nitrogenet virke tiltagende narkotisk på kroppen (nitrogen-narkose, dybderus). Ved luft som pustegass vil dette trykket oppnås ved en dybde på rundt 35 meter. Virkningen opphører så snart nitrogenets deltrykk reduseres under ca 3,6 bar. Imidlertid opptas nitrogen i krop-pens vev med økende trykk. Når så trykket faller vil vevene kvitte seg med nitrogenet igjen gjennom blodet over litt tid. Dersom trykket synker for fort, slik at vevene ikke rekker  kvitte seg med nitrogenet raskt nok, kan nitrogenet skilles ut som gassbobler, som gir årsak til trykkfallssyke. Nitrogen-overskudd i kroppens vev er primærårsaken til trykkfallssyke.

Eg ser i alle fall fram til å forlenge dykka mine. på eit normalt "luftdykk" har ein bunntid på 30 meter på ca 20 min. Med oksygenberika luft, vil bunntida auke til ca 30min.:)

På kurset vil elevane og bli filma under dykket, for så å gå igjennom på land etterpå. Dette for å forbetre teknikkar som førar til betre dykking.

Eg har og bestillt meg ny "vinge". Halcyon Envolve 30`. Den skal kome i posten i mårgo. Då vert det dykkng:)

onsdag 21. januar 2009

Resultat på matteprøva.

Fekk att matteprøva i dag.  54,5% rett. Det må eg seie meg nøgd med. Eg er ikkja akkurat den største kløpparen i matte. hehe:)

tirsdag 20. januar 2009

Kva som skjedde i helga:

Dette er kva som skjedde meg og Lillian på 2. dykket i helga. 

Ei ubehagelig oppleving, men det gjekk bra til slutt.

http://www.mre.no/2360662.o2

mandag 19. januar 2009

Prosjekt "Fjellheimen 08/09"



Har og vore å fylt opp flaskesettet mitt med luft. Ca 4200L "rein" Brattvågluft er trykt ned på dei to 7literane i følge mine beregningar. Det skal vel halde ei lita stund. 

I kveld vart endeleg Prosjekt "Fjellheimen 08/09" ferdig! eit utall timar har gått med på anbudsregning og enhetsprisar. Det totale anbodet mitt kom på 5,4 mill for betongarbeida, innkl. forskaling og armering. I følge framdriftsplanen skal det vere ferdig i uke 43. Då har det gått med over 3000 arbeidstimar. Mappesamtale i dette faget i mårgon. Satsar på det går bra!

Dykkehelg og Flyttehelg


Denne helga har eg vore i volda og dykka og hjelpt Elisabeth å flytte hybel.

Ho flytta til ei mindre leilighet med felles kjøken. Glad eg køyrde Transporter... den vart full.. Flyttinga gjekk bra, og Elisabeth fekk ordna seg til medan eg var på dykketur på laurdagen. Ei koseleg helg saman med Elisa:)

Første dykket Laurdag, var på DS Radbod, som ligg i Ørstafjorden. Der dykka eg saman med Martin frå HSDK og 5 kjekke folk frå Volda Dykkerklubb. Radbod var eit inponerande vrak! Og sikta denne dagen var svært god, noko som gjor det til eit flott dykk:)  (les meir her: www.teknisk-dykking.net/Forumoriginal_1-1-3/index.php?page=48 )

Tok ein del filmar frå vraket, som etter kvart skal leggjast ut på nett.

Dykk 2 var på Berkneset. Der dykka eg saman med Lillian Frå Volda Dykkerklubb. Fint dykk der og! Starum gjorde at dykket ikkje vart slik det skulle, men vi gjennomførte med stil:) Fekk tatt nokre flotte bilete. Dette var forsåvidt og mitt dykk nr.80, så det vart eit dykk eg kjem til å hugse lenge.

Øyvind på nett

Da er bloggen i boks.