



I dag har eg og Adrian Volstad dykka på Bjørnøya. Der fekk eg prøvd den nye vingen min. Det var ein draum å svømme der nede med dette systemet på ryggen! Først no skjønar eg kva eg har gått glipp av alle dei andre dykka eg har hatt... Det var heilt ubeskriveleg behageleg. Trimmen på rig`en var perfekt!
Dette må vere det mest komfortable dykket eg har hatt i mitt liv! Tips til alle som ikkje har vinge: Kjøp vinge!
Dette er kva som skjedde meg og Lillian på 2. dykket i helga.
Ei ubehagelig oppleving, men det gjekk bra til slutt.
http://www.mre.no/2360662.o2
I kveld vart endeleg Prosjekt "Fjellheimen 08/09" ferdig! eit utall timar har gått med på anbudsregning og enhetsprisar. Det totale anbodet mitt kom på 5,4 mill for betongarbeida, innkl. forskaling og armering. I følge framdriftsplanen skal det vere ferdig i uke 43. Då har det gått med over 3000 arbeidstimar. Mappesamtale i dette faget i mårgon. Satsar på det går bra!
Denne helga har eg vore i volda og dykka og hjelpt Elisabeth å flytte hybel.
Ho flytta til ei mindre leilighet med felles kjøken. Glad eg køyrde Transporter... den vart full.. Flyttinga gjekk bra, og Elisabeth fekk ordna seg til medan eg var på dykketur på laurdagen. Ei koseleg helg saman med Elisa:)
Første dykket Laurdag, var på DS Radbod, som ligg i Ørstafjorden. Der dykka eg saman med Martin frå HSDK og 5 kjekke folk frå Volda Dykkerklubb. Radbod var eit inponerande vrak! Og sikta denne dagen var svært god, noko som gjor det til eit flott dykk:) (les meir her: www.teknisk-dykking.net/Forumoriginal_1-1-3/index.php?page=48 )
Tok ein del filmar frå vraket, som etter kvart skal leggjast ut på nett.
Dykk 2 var på Berkneset. Der dykka eg saman med Lillian Frå Volda Dykkerklubb. Fint dykk der og! Starum gjorde at dykket ikkje vart slik det skulle, men vi gjennomførte med stil:) Fekk tatt nokre flotte bilete. Dette var forsåvidt og mitt dykk nr.80, så det vart eit dykk eg kjem til å hugse lenge.