mandag 19. januar 2009

Dykkehelg og Flyttehelg


Denne helga har eg vore i volda og dykka og hjelpt Elisabeth å flytte hybel.

Ho flytta til ei mindre leilighet med felles kjøken. Glad eg køyrde Transporter... den vart full.. Flyttinga gjekk bra, og Elisabeth fekk ordna seg til medan eg var på dykketur på laurdagen. Ei koseleg helg saman med Elisa:)

Første dykket Laurdag, var på DS Radbod, som ligg i Ørstafjorden. Der dykka eg saman med Martin frå HSDK og 5 kjekke folk frå Volda Dykkerklubb. Radbod var eit inponerande vrak! Og sikta denne dagen var svært god, noko som gjor det til eit flott dykk:)  (les meir her: www.teknisk-dykking.net/Forumoriginal_1-1-3/index.php?page=48 )

Tok ein del filmar frå vraket, som etter kvart skal leggjast ut på nett.

Dykk 2 var på Berkneset. Der dykka eg saman med Lillian Frå Volda Dykkerklubb. Fint dykk der og! Starum gjorde at dykket ikkje vart slik det skulle, men vi gjennomførte med stil:) Fekk tatt nokre flotte bilete. Dette var forsåvidt og mitt dykk nr.80, så det vart eit dykk eg kjem til å hugse lenge.

3 kommentarer:

  1. Gratulerer med blog! Linker deg i fotobloggen min! :)
    Så håper jeg du ikke ble helt skremt, og at vi kan ta noen dykk sammen ved senere anledninger!

    SvarSlett
  2. Takk takk:)
    Dykking skal du nok sjå at det blir:)

    SvarSlett
  3. Så bra gutten min! Stilig blogg:)
    Stå på! :D
    Gla i dej<3

    SvarSlett