søndag 26. april 2009

Lyngstølsvatnet 26.04.09











Dykkera: Øyvind og Adrian
Dybde: ca 10 meter gj.snitt på rundt 6
Tid: 1 time og 22 min (82 min)
Sikt: SUPER! 30meter minst!
Temp: 5 grader



Dykket: Flott dykk!! Vi gjekk ut på parkeringsplassen ov svømte langs vegen heilt til endes. der svømte vi under den minste brua, og runda ned til bøya som ligg utpå. Derifrå svømte vi på skrå tilbake til vi hadde veien i synet, så svømte vi over nokre grushaugar (elveleie) og inn i delar av skogen. Der kom vi bort til veien att, og fann den store brua. Der svømte eg under, medan Adrian låg på andre sida og tok bilete. ( vi knipsa sjølvsagt villt begge to under heile dykket) Vi svømte så inn i ein skog til, og så runda tilbake mot parkeringsplassen. Då var batteriet mitt tomt, og minnekortet til Adrian fullt.

Det var overskya oglitt vind då vi gjekk ned. Då vi kom oppatt var vinden løya, og det hadde komt nokre dråpar. Vatnet var svært høgt i dag, og langt over der vi grilla i fjor. Sikta var imponerande.

Der var heller ingen andre der, så vi slapp å treffe på folk under vatnet

Det vart heller ikkje kaldt med mine 6 ullplagg på overkroppen+sitteunderlag samt nokre stilogsar og ullhanskar.

Det var absolutt verdt turen, og vi tok vel tilsaman 3-400 bilete!

2 kommentarer:

  1. Fine bilde! som vanlig;) neste gang (når d e litt varmere) blir ej me me fridykkingutstyret mitt;)

    <3

    SvarSlett
  2. Fantastiske bilder, Øyvind!! Og ja, det er herlig når man slipper andre som selvfølgelig roter opp sikten.. ;-)

    SvarSlett