tirsdag 24. februar 2009

Seir-Kaia 24.02.09













I dag hadde eg, Kristian Osvik og Lillian Larsen oss eit dykk på Seir-Kaia i Grytafjorden. Dykket gjekk som vanlig langs veggen til vi nærma oss "hakket". fint dykk med god sikt, trass i at det var eit nattdykk.

Såg litt forskjellig, som trollkrabbe, nakensneglar og småfisk. Eit heilt greit dykk. Det var 4 grader i vatnet. Eg bytta ut fleecegneser med ein ullgenser i dag, og det vart varmare. Det vart ikkje så alt for kaldt på kroppen, men hendene fraus litt. Det skal bli godt å få tørrhanskar! Eg satsar på at dei kjem i posten i morgon! No har eg venta lenge nok:P (fekk nokre før helga, men desse vart for små, så dei er på veg tilbake til FUE i Oslo. 

fredag 20. februar 2009

Seir-Kaia 20.02.09


I dag hadde eg og Adrian Volstad eit fint dykk på Seir-Kaia på Grytastranda

Eg dykka med 26% nitrox, og fekk nokre ekstra minutt nede på "djupet". Det var ikkje mykje å sjå, einaste ein liten sildestim som for forbi. Adrian tok nokre flotte bilete med det proffe kameraet sitt. ( www.underhavet.com )

Det som er spesielt med denne dykkestaden, er den bratte veggen som følgjer nærast heile fjorden. den startar på 12-15 meters djupne, og fortsett heilt til 60-70 meter. Ein kan sjå striper med "sandras" ned langs heile veggen. Ein Flott stad å dykke på.

mandag 16. februar 2009

Nitroxkurs

I går hadde vi dykk 2 på nitroxkurset.  Vi dykka saman med ein som tok trimix 2. så vi vart mest liggande å kike på handsaming av decoflasker og krandrill. var omlag som å sjå på ei fotballtrening (berre 10 gongar meir interessant). Eg og Simon Finnøy øvde oss på oppdriftskontroll medan vi skreiv på skriveblokka. Vi trente og på "frog-kick", "helicopter turn" og "back kick". Bakoversymjing er ikkje så enkelt som det kanskje høyrest ut som.

Det var 4-5 grader i vatnet (kaldt å dyppe andletet!), og vi hadde vel ei maksdybde på rundt 10 meter. Poenget med kursa er ikkje å dykke så djupt vi kan, men øving på teknikkar. Dess utan er det vanskelegare å øve på grunnare djup, fordi ekspansjonen av lufta er dobbelt så stor, eller skjer dobbelt så fort på 10 meter enn på 20m.

Sikta var god. Etter dette dykkert har eg bestemt meg... Tørrhanskar skal anskaffast. Fingrane vart etter kvart SVÆRT kalde. 

alt i alt eit svært interessant kurs. No gjenstår det berre å ta teorieksamen. Den går sikkert bra:) Er ikkje av dei mest avanserte har eg høyrt:)

torsdag 29. januar 2009

Bilete frå dagens dykk





En ny opplevelse

I dag har eg og Adrian Volstad dykka på Bjørnøya. Der fekk eg prøvd den nye vingen min. Det var ein draum å svømme der nede med dette systemet på ryggen! Først no skjønar eg kva eg har gått glipp av alle dei andre dykka eg har hatt... Det var heilt ubeskriveleg behageleg. Trimmen på rig`en var perfekt!

Dette må vere det mest komfortable dykket eg har hatt i mitt liv! Tips til alle som ikkje har vinge: Kjøp vinge! 

Dykkeutstyr på plass

Da er endeleg Halcyonvingen min på plass, og konfigurert i DIR style ;)