søndag 26. april 2009

Lyngstølsvatnet 26.04.09











Dykkera: Øyvind og Adrian
Dybde: ca 10 meter gj.snitt på rundt 6
Tid: 1 time og 22 min (82 min)
Sikt: SUPER! 30meter minst!
Temp: 5 grader



Dykket: Flott dykk!! Vi gjekk ut på parkeringsplassen ov svømte langs vegen heilt til endes. der svømte vi under den minste brua, og runda ned til bøya som ligg utpå. Derifrå svømte vi på skrå tilbake til vi hadde veien i synet, så svømte vi over nokre grushaugar (elveleie) og inn i delar av skogen. Der kom vi bort til veien att, og fann den store brua. Der svømte eg under, medan Adrian låg på andre sida og tok bilete. ( vi knipsa sjølvsagt villt begge to under heile dykket) Vi svømte så inn i ein skog til, og så runda tilbake mot parkeringsplassen. Då var batteriet mitt tomt, og minnekortet til Adrian fullt.

Det var overskya oglitt vind då vi gjekk ned. Då vi kom oppatt var vinden løya, og det hadde komt nokre dråpar. Vatnet var svært høgt i dag, og langt over der vi grilla i fjor. Sikta var imponerande.

Der var heller ingen andre der, så vi slapp å treffe på folk under vatnet

Det vart heller ikkje kaldt med mine 6 ullplagg på overkroppen+sitteunderlag samt nokre stilogsar og ullhanskar.

Det var absolutt verdt turen, og vi tok vel tilsaman 3-400 bilete!

lørdag 25. april 2009

Skulstahavet 24.04.09






Dykkera: Øyvind og Kristoffer
Tid: 71 min
Djupne: 12.2
temp: 5-6 grader
sikt: ca 5 meter

Mitt 105. dykk vart i "Skulstahavet", rett etter tunnellane før Brattvågen. (ned i dalen der). Fint dykk, litt kaldt,og litt grunt. svømte frå utløpet og innover. Artig med store sjønellikar, og ENORME sjøstjerne. Dei var sikkert 30 cm i diameter! Dykket varte ei stund, så det vart litt kaldt etterkvart. I morgon ventar Lyngstøylsvatnet. Det ser eg fram til! då skal det dykkast Leeeeeenge!

torsdag 2. april 2009

Grøtt 2.04.09







Dykkera: Øyvind og Kristian
Tid: 56 min
Dybde: 28m
Temp: 5 grader
sikt: relativt god

Dykket: Dykka norover fra grøttsholmen og snudde etter ca 35 min.
Såg en feit snegle og litt småfisk. Et fint or deilig rekreasjonsdykk:)

tirsdag 31. mars 2009

mandag 30. mars 2009

Naustet til Terese27.03.09

Dykkera: Øyvind og Kristian

Dybde:23,8

Tid:59 min

temp: 5 grader

sikt: rundt 5 meter

Dykket: Roleg dykk. Lykta gjekk tom for straum tidleg i dykket. Ellers eit bra dykk. Såg litt forskjellige småkryp 

Engeset 30.03.09






Dykkera: Øyvind S og Kristian

Maks djupne: 30 meter

Dykketid: 64 minutt

Temperatur: 5 grader fra 0-30 meter

Sikt: Heilt ok. Litt variasjona etter djupna. Mykje bedre enn for 14 daga sida ivertfall.

(berre kopierte loggen din fra HSDK.no , Kristian:)

Har no logga 96 dykk( det ovanfor skal eigentlig vere under). satsar på å runde 100 før påske! Det vil halde hardt, men satsar på det går bra:) eg fraus nesten ikkje på dykket i dag. Einaste litt kaldt på hovudet. Det var artige formasjonar der vi dykka. (ca 400 meter vest for "Grytafisk") Eg ser velig godt verdien av å ha lykt! kommunikasjonen vert straks lettare, og ein ser på "strålen" om det er noko som ikkje er som det skal, eller om beskjedar skal giast. 

Fekk og trena litt på kranskruing.

Hadde verkeleg kjensla av å sveve over bunnen i dag. Ei god kjensle:)



Grøtt 21.03.09

Dykka på Grøttsholmen. Fint dykk

Dykkera: Øyvind, Martin og Kristoffer

Tid: 47 min

Dybde: 33,2m

Sikt: frå 5 meter

Temp: 5 grader

Dykket: Eit standard dykk på grøtt:=) Sikta var som om en sklleu køyre i snøkave . "Fluksene" var omtrent like store som middels snøflak. Så får satse på at dei sekk ned etter kvart .