mandag 1. juni 2009

På rett plass til rett tid!

31.05.09
I helga har eg vore på Ellingsøya hjå svigers.
På søndagen reiste eg og Inge (pappan til Elisabeth) ned til sjøen der han har båt, for å fikse litt på kaia. Då vi kom ned såg vi to gutar ute på fjorden (3-400m frå land) på ei lita flytebrygge. Eg såg dei ikkje hade på seg redningsvest og at dei padla febrilsk mot land. Det var sterk vind og godt driv i sjøen, så brygga dreiv berre viare og viare ut på fjorden. Med eitt såg eg den eine stupte ut i sjøen, etterfulgt av den andre gutten. Eg tenkte at dette er galskap! Kven klarar å symje så langt i 8-10 grader kaldt vatn i sjokktilstand!? Eg kasta meg i båten, starta motoren og sette kursen utover mot dei. Eg såg det sto nokre vaksne inne på land og vifta med hendene og peika.
Det var ca 10 meter i mellom gutane. Eg kasta ut ei lite tau til den eine guten medan båten dreiv mot den andre. Dei tok i ripa, og eg tok tak i dei og reiv dei opp i båten. Dei var kun iført shorts og t-skjorte...

Eg har alddri i mitt liv sett så redde gutar! Eg trur dei måtte vere rundt 13-14 år. Den minste guten gjentok frå eg tok tak i han og inn til land "ej veit ikkje korsen ej ska få takka dej" mens han hiksta og grein. Dei var iskalde og skalv så det rista sjølv om dei hadde vore uti berre i 2 min. Det skal ikkje mykje til før ein stivnar til og sekk i så kaldt vatn!

Inne på land sto det overlyklege foreldre. Dei takka meg, men eg fekk ikkje prata så mykje med dei som eg hadde ønskt. Dei var nok litt i ubalanse dei og, etter å ha fulgt dramaet frå land. Dei spurde kva eg heitte, og dei fortalde at gutane skulle flytte ei flytebrygge fra land og ut dit den brukar å ligge (Det er ein badeplass der) då dei dreiv av.
Eg vil veldig gjerne kome i kontakt med dei og prate litt med gutane og høyre kor det går med dei. Så eg håpar dei tek kontakt, eller at eg finn ut kven dei er.

Lukka var at Inge nokre dagar før hadde kjøpt ny påhengs til båten. Den hadde og vore starta før på dagen, så den starta lett. Utan motoren hadde operasjonen teke svært mykje lengre tid, og båten hadde og drive ein del medan eg rodde. Det var sikkert 400 meter ut til der dei hoppa uti.
Det er ekkelt å tenkje på kva som hadde skjedd om vi ikkje hadde reist ned til båten akkurat da.

Snakk om å vere på rett plass til rett tid!

tirsdag 12. mai 2009

Nye mål for 2009

Eg hadde i januar mål om følgjande:
Nitroxsertifisering
Gass blender kurs
runde 100 dykk. (hadde 75)

Per i 12.mai har eg:
Nitroxlappen
DSAT GAsBlender lappen
107 dykk.

Eg har no sett meg nokre mål til.
GUE Fundamentals
Runde 150 dykk
Decobøye og varmare hette

mandag 11. mai 2009

Fisser 09.05.09

Dykkera: Thomas Nybø og Øyvind
Tid: ca 30 min
djupne: 32 m
temp: ca 6-7 grader
sikt: ca 10 meter.

Dykket: Vart med nokre karar frå Aasdk som skulle ut på båttur. Vi hadde eigentleg planlagt Iris, men vi tok ike godt Fisser. Det var relativt rolig sjø, og litt regn, men våte vart vi uansett:) Eg hadde sjølvsagt lagt att kameraet heime trudde eg, men då eg kikka i bagen, låg det der likevel. *ergeleg*
Det var ganske mørkt der nede, grunna overskya vær og seint på dag. Det var noko som var rart med båten, men har i ettertid fått avkrefta at vraket hadde knøkke. Dykka ikkje så lenge, men vi sirkla rundt styrhuset ei lita stund. Det var litt vanskeleg å orientere seg der dette dykket, men det kom seg halvvegs ut i dykket. deilig å vere i vatnet att !

søndag 26. april 2009

Lyngstølsvatnet 26.04.09











Dykkera: Øyvind og Adrian
Dybde: ca 10 meter gj.snitt på rundt 6
Tid: 1 time og 22 min (82 min)
Sikt: SUPER! 30meter minst!
Temp: 5 grader



Dykket: Flott dykk!! Vi gjekk ut på parkeringsplassen ov svømte langs vegen heilt til endes. der svømte vi under den minste brua, og runda ned til bøya som ligg utpå. Derifrå svømte vi på skrå tilbake til vi hadde veien i synet, så svømte vi over nokre grushaugar (elveleie) og inn i delar av skogen. Der kom vi bort til veien att, og fann den store brua. Der svømte eg under, medan Adrian låg på andre sida og tok bilete. ( vi knipsa sjølvsagt villt begge to under heile dykket) Vi svømte så inn i ein skog til, og så runda tilbake mot parkeringsplassen. Då var batteriet mitt tomt, og minnekortet til Adrian fullt.

Det var overskya oglitt vind då vi gjekk ned. Då vi kom oppatt var vinden løya, og det hadde komt nokre dråpar. Vatnet var svært høgt i dag, og langt over der vi grilla i fjor. Sikta var imponerande.

Der var heller ingen andre der, så vi slapp å treffe på folk under vatnet

Det vart heller ikkje kaldt med mine 6 ullplagg på overkroppen+sitteunderlag samt nokre stilogsar og ullhanskar.

Det var absolutt verdt turen, og vi tok vel tilsaman 3-400 bilete!

lørdag 25. april 2009

Skulstahavet 24.04.09






Dykkera: Øyvind og Kristoffer
Tid: 71 min
Djupne: 12.2
temp: 5-6 grader
sikt: ca 5 meter

Mitt 105. dykk vart i "Skulstahavet", rett etter tunnellane før Brattvågen. (ned i dalen der). Fint dykk, litt kaldt,og litt grunt. svømte frå utløpet og innover. Artig med store sjønellikar, og ENORME sjøstjerne. Dei var sikkert 30 cm i diameter! Dykket varte ei stund, så det vart litt kaldt etterkvart. I morgon ventar Lyngstøylsvatnet. Det ser eg fram til! då skal det dykkast Leeeeeenge!

torsdag 2. april 2009

Grøtt 2.04.09







Dykkera: Øyvind og Kristian
Tid: 56 min
Dybde: 28m
Temp: 5 grader
sikt: relativt god

Dykket: Dykka norover fra grøttsholmen og snudde etter ca 35 min.
Såg en feit snegle og litt småfisk. Et fint or deilig rekreasjonsdykk:)

tirsdag 31. mars 2009