lørdag 28. februar 2009

Grytastranda 27.02.09






Denne dagen dykka eg og Kristian litt utafor "grytafisk" anlegget på Grytastranda. Tørrhanskane var og kome i posten, så dei måtte sjølvsagt prøvast. Dei var ikkje enkle å få på, men det gjekk til slutt. Dykket starta roleg ned langs sandbotnheilt ned til 10-15 meter då vi runda eit berg, og fortsette viare ned langs veggen til ca 28 meter. vi svømte omlag påp den djupna ei stund før vi runda tilbake. Kristian fann nokre slimålar(?) som låg å bukta seg på botnen, før dei skvatt til og kraup in i holene sine. På rundt 23 meter såg Kristian ein liten blekksprut som for å svinsa rundt. Eg var lynrask fram med kamerat og knipsa i veg. Det vart nokre flotte bilete. Eg vart så oppslukt av blekkulfen, at eg fekk litt deco på veg tilbake , men det var berre å ta det med ro på tilbakevegen. 

Dette dykket var flottt. Super sikt, deilig med tørrhanskar, vart ikkje så kald som vanleg, sjølv om vi dykka i minst 50 min. Eg fekk tilogmed å ta "back-kick", (dvs å svømme baklengs)!

1 kommentar:

  1. Du sku hatt dej et bedre kamera med undervannshus! Bare å investere:P

    SvarSlett